Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Betra resultatet med 10.000.000!

Betra resultatet med 10.000.000!

Av Lars Åge Hilde

Det er godt kjent i Innvik at Innvik Sellgren AS har slite litt i motbakke
dei siste åra. Fabrikken med rundt 50 tilsette er ein svært viktig
arbeidsplass i Innvik, og mange har nok vore litt uroa over situasjonen
der.

Då var det fantastisk flott å sjå at dei har forbetra resultatet frå minus
9 mill i 2012 til pluss 1 mill i fjor!

Bjørn Aage Haugen uttaler til Vikanenett at det er resultat av mange
faktorar. Ei langsiktig satsing mot eksportmarknaden har gitt resultat
i form av auka omsetnad der. Sentrale norske møbelkundar har også
hatt ei god utvikling i 2013. I tillegg til dette er det store kostnads-
besparelsar etter at fabrikken på Tingvoll er lagt ned og produksjon
er no samla i Innvik.

Bjørn Aage peikar likevel på ein trufast og entusiastisk arbeidsstokk
som den viktigaste suksessfaktoren. For eiga rekning vil vi legge til
ein stor honnør til leiinga i selskapet. At Ullvaren er i positivt driv er
ufatteleg viktig for Innvik!

Innvik Sellgren omsette for 51 mill i 2013, ei auke på 13%. Dei har no
lagt ned gardinproduksjonen og satsar kun på møbelstoff av høg
kvalitet.

Bygdeutviklingslaget gratulerer!




(Sist oppdatert 01.mai 2014, 10:19)

Gå til nyhendearkiv