Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Utstillinga SABOTasje ope ut mai

300 besøkande så langt

Av Vikanenett

Etter fleire ønskjer i nærmiljøet og oppfordring frå både ordførar og Kunstmuseumsdirektør, er det beslutta å halde utstillinga SABOTasje ope ut mai.

- Det skulle vore den siste dagen for utstillinga SABOTasje, den 4. mai, men det vart det ikkje, seier Kristina Aas til Vikanenett.

Etter fleire ønskjer både frå ordføraren i Stryn, Sven Flo, museums-direktør i Sogn og Fjordane, Morten Johan Svendsen, og ikkje minst publikum i Vikane og nærområdet, har dei kome fram til at utstillinga blir opa litt lenger.

Dermed utvidar dei opningstider for utstillinga med 4 helgar, fram til 1. juni. Då kan både lokalt publikum og ikkje minst dei som reiser forbi få oppleve både Innvik Gamle Ullvarefabrikk og all den tekstil-kunsten som er utstilt der.

- Vi fikk ca 300 besøkande dei tre helgane utstillinga var opa i april!
Det er ikkje verst for ei slik utstilling i utkantnorge!

- Tusen takk til alle som har besøkt oss hittil og velkommen igjen! avsluttar Kristina.

Foto SABOTasje kunstutstilling sitt bilde på facebook.com/sabotasjekunstutstilling den 29/4 då ordføraren var på besøk, saman med Tone Barnung og Kristina Aas.


(Sist oppdatert 05.mai 2014, 11:38)

Gå til nyhendearkiv