Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Ny siger til Vikane/Loen

Vikane/Loen vann 3-2 over Stadlandet

Av Fjordingen

Vikane/Loen vann 3-2 over Stadlandet fredag 30. mai.

Erik Sunde gav heimelaget leiinga etter 22. min. Fem minutt etter utlikna Stadlandet. 1-1 var også stillinga ved pause.

I det 50. min. sytte Erik Sunde for 2-1. Kampen såg ut til å vere avgjort då Odd Sindre Tonning la på til 3-1 (63.). Men etter at Stadlandet reduserte i 78. min, vart det ei spennande avslutning.

Vikane/Loen toppar tabellen. Tysdag er det klart for ny heimekamp. Då er Flatraket motstandar på Innvik stadion.

Foto Harald Røyrvik




(Sist oppdatert 02.juni 2014, 23:18)

Gå til nyhendearkiv