Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

GRATULERER, INNVIK!

GRATULERER, INNVIK!

Av Lars Åge Hilde

Endeleg vart katta sleppt ut av sekken! Vi «får» E39!!!!

Kva no, Innvik?

No må vi tenkje oss nøye om og prøve å bli enige om korleis denne heilt nye situasjonen for bygda skal møtast. Vi må snarast sørge for å få tak i informasjon om linjevalg og avkøyringar i Vikane, slik at kommunale og private planar kan tilpassast.

Dei første 10 åra vil bli ei svært spennande tid for Innvik. Bygda vår vil få heilt andre mulegheiter til vekst og utvikling. Men nye kommunikasjonslinjer fører også med seg risiko for nye problem.

I dag 10.juni burde egentleg være flaggdag i Innvik. Eg kan forsikre om at det store festflagget i alle fall vil pryde tunet på Gjendebu.

GRATULERER, INNVIK!


Helsing Lars Åge Hilde
Gjendebu natt til 10.juni.


Les også nyheitskrivet E39 gjennom Innvik? frå januar 2011, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 10.juni 2014, 00:14)

Gå til nyhendearkiv