Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

- Har det godt i Innvik

- Har det godt i Innvik

Av Fjordingen

Seksbarnsmora Melka frå Eritrea kan fortelje om eit godt liv i Innvik. Ei bygd med mange gode hjelparar.

Ein dag i veka finn du henne på Vikane omsorgssenter der ho har språkpraksisplass. Der vaskar ho og hjelper til under måltida. Ofte saman med sin gode kollega Gemma Gjerde.
- Melka er ei blid og kjekk dame som er flink til å jobbe, seier Gjerde. Ho er imponert over den unge kvinna som kom åleine til Innvik med seks ungar for om lag 2,5 år sidan.
...
- Alle er så flinke til å hjelpe. Ungane får sitje på til treningar, og fleire har hjelpt meg på ulike måtar. Eg har fått veldig god hjelp frå ei som heiter Randi Bjørset, fortel Melka.
Ho har dessutan fått hjelp frå ei anna kvinne som også er frå Eritrea og busett i Innvik. - Ho har budd her litt lenger og har hjelpt til som tolk for ungane mine, seier Melka.

Les heile saka i Fjordingen mandag 23. juni 2014, side 11.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 24.juni 2014, 07:18)

Gå til nyhendearkiv