Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Julemessa 2014

Av Alf Heggdal

Vi ønskjer å takke alle bedrifter og enkeltpersonar som ga oss gevinstar til lotteriet på Julemessa i Gamle Innvik Ullvarefabrikk. Vi vil og takke Vevkjerringane for uvurderleg hjelp ved heile arrangementet.

Velviljen som vi har møtt er motiverande for stiftinga sitt arbeid med å ta vare på den store bygningen.
Den gamle fabrikkbygningen viste seg å vere godt eigna for eit slikt arrangement, og vi vil sjå på om dette skal bli eit årleg arrangement.

Mange tusen takk frå
Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk



(Sist oppdatert 30.november 2014, 12:53)

Gå til nyhendearkiv