Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Vegvalg Indre Nordfjord

Av Anton Skogstad

Anton Skogstad fekk inn eit lesarinnlegg i Fjordingen 15.februar, som her er gjengitt.

Vegvalg Indre Nordfjord

Det er i dag eit aktuelt tema å diskutere vegvalg gjennom indre Nordfjord etter at den etterlengta Kvisvegen blir åpna.

Det er mange som ynskjer at vegen skal ”kroke” seg utover til Eid og deretter over Lote/Anda.

Mange kunne nok tenkt seg at vegen burde gå gjennom Oldedalen og tunnel til Stardalen.

Når det blir planlagt med nye vegvalg så bør det være eit hovedmål å få med seg dei stadane der bygdene blomstrer både med hensyn til folketal og næringsliv. Innvik ,Utvik og Byrkjelo er bygdesamfunn som har fleire hundre arbeidplasser, og fleire 100 millioner i omsetnad.Det må derfor være av stor betydning for politikarar m fl.å legge vegane gjennom slike områder. Det kan no ikkje være slik at ein skal spare nokre få minutts køyring gjennom Oldedalen til Stardalen og samtidig oversjå at bygdene Innvik, Utvik og Byrkjelo dett ut av vegnettet. Det burde være eit krav at dette blir hensynteke ved framtidige vegvalg.

Eg representerer ei mellomstor bedrift for Stryn Kommune, Skogstad Sport AS. Eg trur ikkje at vår bedrift vil bli lokalisert i Innvik dersom bygda skulle bli ein endå større utkant i eit utkantområde. Vi treng gode veger for å få ein bedre og meir rasjonell transport av varer og tjenester i framtida. Vi har satsa på utbygging av utsal og nye lagerhaller i Innvik med tanke på at vi får eit godt utbygd vegnett i næraste framtid.

No ser det ut som om vi skal få bedre veg mellom Olden og Innvik. Mange snakker om tunnel gjennom Utvikfjellet . Det er eit glimrande forslag.

Vegvalga bør være slik at trafikken frå Ytre Nordfjord som Måløy og Eid kan køyre rett strekning til Stryn og vidare over Strynefjellet og dei som kjem sørfrå mot Strynefjellet får god veg heile strekninga frå Byrkjelo til Stryn gjennom Utvik, Innvik og Olden. LLikeeins blir det for dei som kjem frå Møre gjennom Kvisvegen. Dei køyrer rundt fjorden og sørover gjennom Vikane.

Det bør derfor være ein klar strategi for alle politikere og vegfolk både på nasjonalt og lokalt plan og velge å oppruste vegen Innvik –Olden samt tunnel gjennom Utvikfjellet.

Med helsing
Anton Skogstad
Skogstad Sport AS



(Sist oppdatert 16.februar 2010, 18:20)

Gå til nyhendearkiv