Nyhende
Arbeiderbustaden er flytta
Arbeiderbustaden vart flytta 14. juli 2010
Under arbeid med kunstgrasbana kom ein fram til at skulle det gule "spinneri-arbeider-jente-huset" flyttast, måtte det bli no. Å frakte huset vekk frå tomta mellom skulen og barnehagen ville bli vanskeleg når kunstgraset var på plass. Derfor vart det sett igong med flytting av huset.
Mobilkran AS frå Førde tok oppdraget, dei er vande med slikt arbeid og har hatt fleire liknande prosjekt.
På baksida av gamlefabrikken var ein stor dugnadsgjeng i sving laurdag og laga nye grunnmurar til huset.
På gulehuset har det vore arbeidd med å forsterke golv og bjelkar både dag og natt. Huset vart tømt for inventar og kun skalet stod att då kranbilen løfta huset.
Sjølve turen til nyetomta gjekk bra, men problem oppstod då ein såg at høgspentlinja stod i vegen for krana. Ein gjeng med store maskiner sette i gong med å lage ny veg fram til grunnmuren i går/natt og har klargjort den i dag. Huset måtte derfor overnatte på lastebilen og takast igjen i dag, torsdag.
For dei som ikkje har fått det med seg: PRIMUS MOTOR ER AUDUN SKOGEN!
Følg med for det kjem meir om saka. Har du innspel til saka eller bilde, så send det inn til Vikanenett.
Les også tidlegare nyheitskriv Tilbyr kommunen vederlagsfri tomt , her på Vikanenett.
Foto Lena Heggdal Skogen

Foto Kjell Mortveit


Foto Espen Arreberg


Foto Harald Røyrvik
Mobilkran AS frå Førde tok oppdraget, dei er vande med slikt arbeid og har hatt fleire liknande prosjekt.
På baksida av gamlefabrikken var ein stor dugnadsgjeng i sving laurdag og laga nye grunnmurar til huset.
På gulehuset har det vore arbeidd med å forsterke golv og bjelkar både dag og natt. Huset vart tømt for inventar og kun skalet stod att då kranbilen løfta huset.
Sjølve turen til nyetomta gjekk bra, men problem oppstod då ein såg at høgspentlinja stod i vegen for krana. Ein gjeng med store maskiner sette i gong med å lage ny veg fram til grunnmuren i går/natt og har klargjort den i dag. Huset måtte derfor overnatte på lastebilen og takast igjen i dag, torsdag. For dei som ikkje har fått det med seg: PRIMUS MOTOR ER AUDUN SKOGEN!
Følg med for det kjem meir om saka. Har du innspel til saka eller bilde, så send det inn til Vikanenett.
Les også tidlegare nyheitskriv Tilbyr kommunen vederlagsfri tomt , her på Vikanenett.
Foto Lena Heggdal Skogen

Foto Kjell Mortveit


Foto Espen Arreberg


Foto Harald Røyrvik
(Sist oppdatert 15.juli 2010, 10:30)