Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Ledig stilling som rektor

100% fast stilling som rektor ved Vikane

Av Stryn kommune

Ved Vikane skule og barnehage er det ledig 100% fast stilling som rektor frå 01.08.2015.

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

Rektor har det faglege og administrative ansvaret for skule, SFO og barnehage i Vikane.
I det administrative ansvaret ligg ansvar for økonomi og personalansvar for tilsette ved
einingane.

Vikane skule ligg i Innvik, og tilknyting til skulen er det SFO-ordning. Vikane barnehage
har avdelingar i Innvik og Utvik. Det er heil stilling som assisterande styrar for barnehage-
avdelingane. Vikane skule og barnehage har i dag tilsaman 22 årsverk, fordelt på 28
tilsette, og eit samla budsjett på ca 11 mill.

Kvalifikasjonar for stillinga:

Det er krav til pedagogisk utdanning og praksis, og i tillegg ynskeleg med administrativ
erfaring og utdanning. Rektor må gjennom si leiing ha evne til å inspirere og motivere for
dei oppgåver skule og barnehage står framfor, og vere med på å sikre kvaliteten på det
tilbodet kommunen gjev både skuleelevar og barn i barnehagen.

Søknadsfrist: 18.05.2015

Les alt om den ledige stillinga på www.stryn.kommune.no.


(Sist oppdatert 06.mai 2015, 09:05)

Gå til nyhendearkiv