Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Ledig stilling som områdeleiar

Ledig stilling som områdeleiar ved Vikane omsorgssenter

Av Stryn kommune

Det er ledig fast 100% stilling som områdeleiar i pleie og omsorg ved Vikane omsorgssenter.

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

Områdeleiar er ei administrativ stilling med ansvar for personal, økonomi og samla tenestetilbod knytt til Vikane omsorgssenter. Leiarfunksjonen skjer i tett samarbeid med leiarteamet ved senteret. Områdeleiar sit elles i nemnda for tildeling av pleie- og omsorgstenester og er med i leiargruppa i sektoren. Helse- og sosialsjef er næraste overordna.

Områdeleiar har utadretta funksjon i høve brukarar, pårørande, spesialisthelsetenesta m.m.

Kvalifikasjonar for stillinga:

Vi søkjer etter ein person med:
• Høgare helsefagleg utdanning
• Som har relevant praksis med positive resultat
• Som er fagleg engasjert og utviklingsorientert
• Som har god evne til kommunikasjon, samarbeid og involvering
• Som har bra arbeidskapasitet
• Søkjar må disponere bil.

Søknadsfrist: 20.07.2015

Les alt om den ledige stillinga på www.stryn.kommune.no.


(Sist oppdatert 29.juni 2015, 16:32)

Gå til nyhendearkiv