Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Nærbutikken er viktig for bygda

Nærbutikken er viktig for bygda

Av Innvik bygdekvinnelag

Nærbutikken er avgjærande for å ha eit levende lokalsamfunn, og kan være avgjærande for å hindre frå flytting. Når du handlar maten din lokalt er du med på å opprettholde nærbutikken i bygda.

Vi i Innvik bygdekvinnelag meinar at nærbutikken vår spelar ei viktig rolle som møteplass i bygda. For mange er nærbutikken like viktig som skule og barnehagen. Det er på butikken du regelmessig slår av ein prat med sambygdingane dine. For dei aller fleste er nærbutikken den viktigste møteplassen mellom bygdefolket, og for mange er det eit viktig sosialt servicetilbud.

Nærbutikken vår har tilleggstjeneste som post, bank og apotek i butikken. Det er tjeneste som har stor betydning for eldre, uføre og andre som ikkje har tilgang på bil i eit område med dårlig utbygd kolletivtilbud.

Vi vil at alle skal handle mest mulig av matinnkjøpa i vår nærbutikk. Då blir det mulig for butikken å oppretthalde eit bredt utvalg. Mange butikkar i distrikta satsar på salg av lokalprodusert mat. Innvik bygdekvinnelag vil støtte lokale matprodusentar, og ser at dette kan skape både arbeidsplassar, lokal identiditet og stoltheit.

Vi meinar det beste du kan gjære for å opprettholde nærbutikken er å bruke den. Då er du med på å redusera handelslekkasjen, sørgar for lokal handel og ei levende bygd.

Gjær eit bevist valg - velg nærbutikken.


(Sist oppdatert 27.oktober 2015, 15:08)

Gå til nyhendearkiv