Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Årsmøtetid

Vinterferien er over

Av Harald Røyrvik

No er det årsmøtetid og det hadde vore kjekt om du hadde møtt opp! Årsmøte er ikkje så farlig som du trur. Om valnemndene har gjort jobben sin er valget så å seia ferdig.

Vinterferien er over og eg med fleire har kosa oss og tatt litt fri. No er kvardagane tilbake og det er tid for årsmøte. I den samanheng hadde Innvik Bygdeutvikling planar om å kome ut med Innvikja 18/2, men her gjekk det vist ikkje heilt som det skulle (så den kjem ikkje ut).

Her er årsmøta du kan stille opp på denne veka:

23/2 Innvik Bygdeutvikling
24/2 Utvik Vel og Utviklingslag
25/2 Vikane IL
26/2 Røde Kors
27/2
28/2 Innvik Sokneråd


Vis styra i laga at du set pris på jobben dei gjere og møt opp på årsmøta!

(PS! Om du ikkje kan kome på årsmøtet til IBU finn du årsmeldinga under arrangementet!)


(Sist oppdatert 23.februar 2016, 06:42)

Gå til nyhendearkiv