Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Rektor ved Vikane skule og barnehage

Rektor ved Vikane skule og barnehage

Av Stryn kommune

Rektorstillinga er ei 100% stilling, ledig frå og med 1.august 2016.


Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

Rektor har det faglege og administrative ansvaret for skule,SFO og barnehage i Vikane.

I det administrative ansvaret ligg ansvar for økonomi og personalansvar for alle tilsette.Vikane skule ligg i Innvik, og i tilknyting til skulen er det SFO-ordning. Vikane barnehage vil for barnehageåret 2016/17 vere lokalisert i Utvik. Det er heil stilling som assisterande styrar for barnehagen. Vikane skule og barnehage har i dag tilsaman 22 årsverk, fordelt på 28 tilsette, og eit samla budsjett på ca 11 mill.

Kvalifikasjonar for stillinga:

Det er krav til pedagogisk utdanning og praksis, og i tillegg er det ynskeleg med administrativ erfaring og utdanning. Rektor må gjennom si leiing ha evne til å inspirere og motivere for dei oppgåver skule og barnehage står framfor, og vere med på å sikre kvaliteten på det tilbodet kommunen gjev både skuleelevar og barn i barnehagen.

For stillinga gjeld:

- Tilsetjing skjer etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
- Nye tilsette må legge fram politiattest.

Søknadsfrist: 29.04.2016

Les alt om den ledige stillinga på www.stryn.kommune.no.


(Sist oppdatert 06.april 2016, 21:42)

Gå til nyhendearkiv