Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Sommartreff i Liatunet

Sommartreff i Liatunet - Søndag 21. august

Av Jon Idar Hilde

Søndag 21. august er det open dag i Liatunet i Innvik frå kl.12 til kl.17. Som den observante legger merke til så prøver vi oss ei veke tidlegare i år ;)

Det vert kaffi og sveler, eldhussteikte brød m. smaksprøver(!), rjømegraut og andre godsaker.
Hònndalsmusikken kjem og syter for gode tonar til hyggje og kos i eit godt gammaldags vestlandstun.
Som vanleg vert det også omvisning i tunet.
- Og årets handverk er separering og kinning.

Inngang kr. 80,- Born under 15 år gratis.

Velkomne!




(Sist oppdatert 20.august 2016, 11:43)

Gå til nyhendearkiv