Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Ledig stilling som rektor

Fast stilling - rektor Vikane skule

Vikane skule har ledig 100% fast stilling som rektor frå 01.08.2017.


Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

Rektor har det faglege og administrative ansvaret for skule, SFO og barnehage i Vikane. I det administrative ansvaret ligg ansvar for økonomi og personalansvar for alle tilsette. Vikane skule ligg i Innvik, og i tilknyting til skulen er det SFO-ordning. Vikane barnehage er i dag i Utvik, og det er heil stilling som assisterande styrar for barnehagen.

Vikane skule og barnehage har tilsaman ca 22 årsverk, fordelt på 28 tilsette, og eit samla budsjett på 11 millionar.

Kvalifikasjonar for stillinga:

Det er krav om pedagogisk utdanning og praksis, og i tillegg ynskeleg med administrativ erfaring og utdanning.

Rektor må gjennom si leiing ha evne til å inspirerere og motivere for dei oppgåver skule og barnehage står framfor, og vere med på å sikre kvaliteten på det tilbodet kommunen gjev både skuleelevar og barn i barnehagen.

Søknadsfrist: 10.03.2017

Les alt om den ledige stillinga på www.stryn.kommune.no.



(Sist oppdatert 13.februar 2017, 10:57)

Gå til nyhendearkiv