Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Café Go'beten - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Go'beten i endring

- Håpar fleire vil bruke tilboda !

Av Harald Røyrvik

Café Go'beten har no fått nytt styre og vil prøve å snu drifta frå underskot til overskot.

I sommar gav Merete seg med kafedrifta på Café Go'beten og Vagstad AS kjøpte ho ut. Drifta har gått vidare men tappar i dag Vagstad for midlar, da drifta ikkje går i pluss.

Det er no sett ned eit nytt styre for Café Go'beten beståande av Bjørn Vagstad, Lars Åge Hilde, Trude Presthus, Per Heggdal og Harald Røyrvik.

Vi ønskjer å gjere ein del grep i drifta og dette vil ein merke etter kvart. Vi håpar at gamle og nye kundar vil bruke tilboda vi lagar og kjem med konstruktive innspel for å få opp inntjeninga.

Det første grepet vi har gjort er å opne kafe'en kl.10, i staden for kl.11. Kundar vil da få tilgang til post og bank tidlegare, samt at ein vil kunne tilby veldig enkel servering den første timen.

Vidare ønskjer vi å tilby eit pubtilbod, ved å få frivillige til å stå bak disken kvar laurdag frammover mellom kl.22 og 01:00. Vi håpar at dette kan bli eit sosialt tilbod til bygda.



(Sist oppdatert 03.november 2012, 12:38)

Gå til nyhendearkiv