Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Café Go'beten - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Bakst til Café Go'beten

Innvik Fjordhotell leverer heimebakst til Go'beten

Av Harald Røyrvik

Café Go'beten har inngått eit samarbeid med Innvik Fjordhotell om leveranse av heimebakst. Du vil allereie i morgon (fredag) finne nokon av desse varene i disken på kafeen.

Onsdag var representantar frå styret i Café Go'beten i samtale med Innvik Fjordhotell om leveranse av heimebakst til Go'beten. Det var eit konstruktivt og godt møte som endte opp i at Fjordhotellet vil levere heimebakst til Go'beten på bestilling.

Fjordhotellet kan levere horn, rundstykker, pizzasnurrar, kanelsnurrar, kringlestenger og ulike kakesortar til sal i kafeen. Vi håpar gamle og nye gjester vil finne tilbudet fristande og ønskjer tilbakemelding på om dette fell i smak og om det er anna heimebakst som er ønskelege.



(Sist oppdatert 16.november 2012, 11:22)

Gå til nyhendearkiv