Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Café Go'beten - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Utvida opningstider

Satsar på varmrettar og pub

Av Harald Røyrvik

Café Go'beten vil no utvide opningstida si på kvardagane til kl.18:00, og håpar dette vil føre til auka omsetning. Vi håpar at bygdefolket og forbipasserande kan gi oss det økonomiske løftet, som vi no må ha for å kunne drive kaféen vidare.

Café Go'beten har no vore eigd av Vagstad AS i omlag eit år og har hatt utfordringar på økonomisida. Etter Bjørn Vagstad sin bortgang merka vi kor godt det var å ty til han når ein hadde litt problem på personalsida. No meiner styret at vi har fått ein god stab som kan ta oppgåvene og utfordringane framover. Forutan Trude Presthus som er fult ansatt, har vi Siv Anita Gjerde, Veronica Hilde, Sigrunn Gjerde og Merethe Søgnen Lyslo som jobbar deltid. I sommar har vi også Marie Presthus og Ann-Elen Paulen Drageset, som også har vore behjelpelig i helgane.

Vagstad AS ønskjer primært ikkje å drive kafé, og håpar det snart kjem inn andre på eigarsida. Sjå forøvrig salgsannonsa her på Vikanenett.

Styret for Café Go'beten består no av Harald Røyrvik (styreleiar), Trude Presthus (daglig leiar), Per Heggdal, Heidi Garlid og Robin Bruland. Dei to sistnemnte vil ha særskilt ansvar for pubdrifta i selskapet.

Vagstad har lokale i 2.etg. som er eigna for pubdrift og har tilbudt kaféen å bruke desse. Ein ser føre seg å få utvida skjenkeløyve til kaféen for også å gjelde oppe og drifte puben på dugnad. Dette forutsetter da at det er personar som er villige til å vere med på dugnadsarbeid for å få til eit publokale i 2.etg.

Inntil vidare har ein brukt lokala nede til pub og dette gir ekstrainntekt til kaféen. No på fredag vil det vere muligheit for å vere med på dugnad, denne gongen med maling av bord, benkar og rekkverk utanfor Go`beten. Sjå forøvrig arrangementet Dugnad og Pub på Go'beten, der det vil vere "Happy Hour" kl.18-21.

Møt opp og bruk tilboda, om ikkje vil bygda miste to årsverk, kafé og pub i Vagstadbygget!




Varmmat

Trykk på bilda for å få dei større !



(Sist oppdatert 20.juni 2013, 10:06)

Gå til nyhendearkiv